Jubileumsseglas 6. - 8. juli
Seljumannamesse er blant dei merkedagane som er nemnd i Kristenretten som St. Olav innførde på Moster i 1024, og finst i alle dei tidlege landdslovene. Difor feirar vi no 1000 års-jubileum for Seljumannamesse i 2024.
Feiringa blir markert med ein jubileumsseglas mellom Florø, Selje, Måløy, Kalvåg og Kinn helga 6.-8. juli 2024 med veteranbåten M/S Atløy. Denne seglasen inngår som ein etappe i ein verdiseglas langs heile Kystpilegrimsleia 2024, og er del av jubileumsstafetten fram mot Nasjonaljubileet Norge i 1000 år.
Du kan vere med på etappar eller heile helga, og ruta er slik;
Laurdag 6/7 Florø til Selje
08:30 Florø, Kolkaia
11:30 Leirgulen
12:45 Måløy, Skramskaia
14:00 Ankomst Selje, Nabben
Søndag 7/7
15:30 Selje til Måløy
Måndag 8/7
08:30 Måløy til Kalvåg
14:00 Kalvåg til Kinn
21:00 Kinn til Florø
Heile programmet finn du ved å trykke her
Ansvarsfraskrivelse
Vi tek oss rett til å utsette eller endre tidspunkt/rute r avvikling av turar ved uforutsette hendingar som ikkje kan avverjast, til dømes brann, krigsutbrot, naturkatastrofe, dårleg vær, streik, offentlegrettslege påbod (t.d. knytt til korona) o.l. Vi pliktar å opplyse om slik endring så snart vi har kunnskap om det.