page view image

Bli med på Open Dag på Steinvik

Laurdag 4. mai har vår viktige og trufaste støttespelar Steinvik Fiskefarm Open Dag med aktivitetar for store og små. M/S Atløy tar turen, og du kan være med!

Informacje
event image

Avgang frå Kolkaia kl 09:30, tilbake i Florø kl 16:00.

På Steinvik er det aktivitetar av mange slag, for heile familien. Du kan få lære om moderne oppdrettsverksemd, delta på quiz, sjå aure i mærane, bergylt, torsk og sei i eigne tankar, delta på fiskekonkurranse for barn, båttur med raftingbåtar, sjå veteranbilutstilling, demonstrasjon av livredning v/Røde Kors, prøve Eliasbåten til Redningsselskapet og sikkert mykje meir. Alt er gratis!

Grendalaget sel kaffi og grillmat!

atløy steinvik familie open laks båttur båt

Ograniczenia

Vi tek oss rett til å utsette eller endre tidspunkt/rute r avvikling av turar ved uforutsette hendingar som ikkje kan avverjast, til dømes brann, krigsutbrot, naturkatastrofe, dårleg vær, streik, offentlegrettslege påbod (t.d. knytt til korona) o.l. Vi pliktar å opplyse om slik endring så snart vi har kunnskap om det.